Visjon og Hovedmål


Visjonar og mål

 

”Omsorg, oppdragelse og læring i barnehagen skal fremme menneskelig likeverd, likestilling, åndsfrihet, toleranse, helse og forståelse for bærekraftig utvikling.”

                                    Barnehagelova § 2

 

Naustvågen sin visjon:

 

        Naustvågen er ein stad der born og vaksne trivst og har det godt ilag!

 

Naustvågen sine krav til at personalet skal (hovudmål):

 

-  møta borna med omsorg i alle situasjonar i

kvardagen, samt rettleia dei i sosialiseringsprosessen

 

- gje borna ein kvardag som inneheld leik, venskap, tryggleik og trivsel

 

- gje borna eit godt grunnlag for utvikling, livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn

 

- gje borna grunnleggande kunnskap om kvardagslege/aktuelle ting, samt ting som borna sjølv er interesserte i, og som opptek dei

 

- skapa gode relasjonar som er prega av glede og humor mellom barn <> barn, barn <> vaksen og vaksen <> vaksen

 

- gje borna opplevingar og erfaringar med å nytta språket som eit middel til kommunikasjon og ein måte å gje uttrykk for tankar og kjensler

 

-  legga til rette for god barnekultur og formidla tradisjonar

 

- ha eit godt samarbeid med foreldra, samt vera imøtekommande og serviceinnstilte

 

- møta borna på deira eige nivå ut frå alder og modning hos den einskilte


 




 

Siden er utviklet av: Stord Web Service Design: Per Trygve Pettersen