Vedtekter

VEDTEKTER FOR DRIFTA AV NAUSTVÅGEN BARNEHAGE

 

1. Vedtekter

Vedtekter for Naustvågen Barnehage blir fastsett av eigar innanfor ramma av gjeldande lover og reglar. Endringar eller tillegg til vedtektene kan berre bli

vedtatt med eit stemmefleirtal frå styremedlemmene.

2. Eigartilhøve

Stiftinga Naustvågen barnehage er oppretta ved å ha underteikna ein festekontrakt på ein eigedom på ca. 2.5 mål med påståande bygning av gnr. 40, bnr. 21. Festekontrakten utgår 2025. Stiftinga Naustvågen barnehage består av foreldre som til ei kvar tid har born i barnehagen, og stiftinga er eigar av barnehagen. Stiftinga skal driva barnehage for tilsette ved Aker Stord AS.

Aker Stord AS og fagforeiningane ved Aker Stord AS, har til saman gitt kr. 1.000.000 til etableringa av barnehagen. Føresetnaden for bidraget er at opptakskriteria, slik dei går fram av vedtektene, vert følgde. Ved eventuelt vedtak om avvikling av barnehageverksemda, skal startkapitalen førast tilbake til givarane, Aker Stord AS og fagforeiningane. Barnehagen skal drivast i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande Lov om barnehagar, forskrifter og retningsliner.

Barnehagen skal ha internkontrollrutinar etter Forskrift om systematisk helse-,  miljø, og tryggingsarbeid i verksemda.

 

3. Arealutnytting

Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

 

4. Føremål

Barnehagen skal drivast i samarbeid med heimen. Den skal ha som føremål å vera med på å utvikla kvart born sin personlegdom, evner og toleranse gjennom sjølvutfalding og leik, innanfor ramma av ei godkjent pedagogisk tilrettelagt verksemd. Barnehagen skal formidla dei kulturverdiar og tradisjonar som står sentralt. jfr. Barnehagelova.

 

 

5. Opptakskrets

1.  Born av tilsette ved Aker Stord AS, deira søsken, samt born av fast tilsette i barnehagen

2.  Born av tilsette i andre Aker-verksemder på Stord.

3.  Andre søkjarar busett i Stord

 

6. Opptakskriterium

Naustvågen barnehage samarbeida med Stord kommune i høve til samordna opptak. Styrar gjer opptak i medhald til punkt 5 og punkt 1 - 4 . under .

1.     Born med nedsett funksjonsevne skal ha prioritet ved opptak i barnehagen.
Jf. Lov om barnehagar § 13, med merknader. Born som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester § 4, har rett til prioritet ved opptak i barnehagen.

2.    Born med lovfesta rett til barnehageplass jf. lov om barnehagar § 13.

3.    Søsken av born som allereie har plass i barnehagen.

4.    Born som elles står på barnehagen si venteliste.

Ved opptak av born skal det leggjast vekt på at barnehagelova sin formålsparagraf vert ivareteken, og at barnehagen sin kapasitet og funksjon vert unytta etter best høve.

Barnegruppa si samansetting med omsyn til alder/kjønn blir teke med i vurderinga når inntak skal gjerast. Når eit barn har fått plass, får det behalde denne plassen til den blir sagt opp av foreldra, eller til barnet går over i skulen.

 

7. Opptaksperiode og oppseiingsfrist

Søknadsfristen for hovudopptaket er 15. mars kvart år. Etter hovudopptaket er det kontinuerleg opptak ved ledige plassar.

Ved hovudopptak blir det utarbeidd ei eiga venteliste for søkjarar som ynskjer plass i Naustvågen, men som ikkje får plass ved hovudopptaket.

Søknadsskjema får ein i barnehagen eller frå Stord kommune. Søknadsskjema kan ein og henta via barnehagen si heimeside. www.naustvaagen.no.

Det er Kundetorget som skal handsama evt. klager.

Spørsmål om ledig barnehageplass skal rettast mot Kundetorget, Stord Kommune. Anna generell informasjon kan ein få i barnehagen.

I løpet av bruksåret skal barnet ha 3 veker samanhengande ferie i perioden juni-september, og 1 veke ferie i løpet av året. Foreldra må innan 01.05. kvart år, gi melding om kva tid barnet skal ha ferie.

Gjensidig oppseiingsfrist er 2 mnd. rekna frå den fyrste dagen i månaden etter at oppseiinga er gjort. Unntak kan gjerast dersom plassen kan fyllast før oppseiinga er ute e.l. Oppseiinga skal vera skriftleg og sendast til styrar.


8. Foreldrebetaling

Foreldrebetalinga skal betalast innan 20. i kvar mnd. etter dei takstane som til ei kvar tid er gjeldande.  Frå 01.01.07 er taksten kr. 2330,- for 100 % plass. Matpengar kjem i tillegg, kr. 250,- pr. mnd., og det er ikkje søskenmoderasjon på matpengar.

Ved manglande betaling:

1. purring skjer etter 14 dagar, deretter vil gjeldande reglar for inndriving setjast i verk. Barnet/borna mister plassen etter to mnd., og saka går då vidare til inkasso.         

Naustvågen barnehage nyttar avtalegiro som betalingsmåte.

Samarbeidsutvalet fastset betalingssatsane som gjeld for reduserte plassar.       

Prisen vert regulert prosentvis, etter stillingsstørrelse

                                                            

1) Søskenmoderasjon: 100 % betaling for det første barnet, 30 % av full betaling for barn nr. 2 og 50 % for barn nr. 3.   

2) Den betalingssatsen som vert fastsett skal til vanleg gjelde for heile bruksåret, men samarbeidsutvalet kan i spesielle høve foreta endringar i løpet av bruksåret, t.d. dersom dei økonomiske tilhøva vert endra.

3) Det vert ikkje gjeve fråtrekk i betalinga for fråvær ved sjukdom eller andre årsaker, og det vert heller ikkje fråtrekk for dei dagane barnehagen har stengt, t.d. planleggingsdagar, helge- og høgtidsdagar.

4) Juli mnd. er betalingsfri, med atterhald om at barnet har hatt dei ferievekene det skal i løpet av barnehageåret. Jf. punkt 6.

5) Foreldre av barn som har teke i mot plass i barnehagen er pålagt å ha bort i mot 10 dugnadstimar pr. barnehageår. Dersom ein ikkje stiller vert ein fakturert med kr 400.- pr. time.

 

9. Opningstid

Opningstida er frå kl. 06.30 – 16.15.

Barnehagen er open heile året. Julafta og nyttårsafta har me stengt. Onsdag før Skjærtorsdag har barnehagen ope til kl. 16.15.

Brukarar som ikkje overheld stengjetida må betala ein meirkostnad på kr. 200,-.

Personalet har 37,5 timar planleggingstid i året. 22,5 av desse timane vert tatt på dagtid, dvs. at barnehagen er stengt 4 dagar i løpet av eitt barnehageår (jfr. barnehageruta).

 

10. Foreldreråd

Alle foreldre og føresette som har sine born i barnehagen utgjer foreldrerådet.

Foreldrerådet er det formelle organ som gjev alle foreldre medinnflyting i barnehagen si verksemd. Foreldrerådet skal fremja samarbeidet mellom heim og barnehage, og kan be om å få førelagt viktige saker for foreldra sitt forhold til barnehagen. I slike saker har foreldrerådet rett å uttala seg før avgjersler vert teken. Ved avstemming i foreldrerådet har foreldra ei stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld (jfr. §3 i ”Lov om barnehagar”).

Foreldrerådet skal velja foreldra sine representantar til samarbeidsutvalet og  styret. Desse representantane har ansvar for å gjera samarbeidsutvalet og styret kjent med foreldrerådet sine synspunkt. Møter i foreldrerådet skal haldast minst ein gong kvart halvår. Det første møtet skal haldast ved oppstart av barnehagen med val av foreldre rep..

 

11. Samarbeidsutvalet

Barnehagelova §4 med forskrifter gir bestemmelser om samarbeidsutvalet si samansetting og oppgåver. Utvalet skal særleg vere med på å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag og arbeide for å fremme kontakten mellom barnehagen og lokalsamfunnet.

Samarbeidsutvalet skal godkjenna årsplan for barnehagen si verksemd.

Samarbeidsutvalet kan òg fremja forslag til styret i saker som har betyding for barnehagen sin økonomi.

Samarbeidsutvalet vert satt saman slik:

Foreldrerådet vel 2 medlemmar med vararepresentantar.

Ansatte i barnehagen vel 2 medlemmar med vararepresentantar.

Barnehagen sin eigar vel ein representant med vararepresentant.

Dagleg leiar i barnehagen har møte-, tale- og forslagsrett.

 

12. Forsikring av barn

Stord kommune forsikrar alle barna i barnehagen si opphaldstid.

 

13. Teiieplikt og opplysningsplikt

 Dei tilsette i barnehagen har teieplikt i følgje Barnehagelova § 20 og 22.

Utan hinder av teieplikta skal barnehagen melda frå til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, at det føreligg andre former for alvorlig omsorgssvikt eller når eit barn har vist vedvarande alvorlige åtferd.


 

Stiftinga Naustvågen Barnehage

02. 03.2010.

 

John Martin Mjånes                                  

- styreleiar-                                     

    

Jakob Bjelland

- leiar i samarbeisutvalet-

 

 




 

Siden er utviklet av: Stord Web Service Design: Per Trygve Pettersen