Tradisjonar


Tradisjonar

Bursdag:

-          Barnehagen feirar sin bursdag 1. september og dagen vert markert kvart år

-          Borna sin bursdag vert feira ved at barnet lagar ”bursdagsmat” i barnehagen saman med ein vaksen. Personalet lagar krune og har ei fin markering saman med borna på den avdelinga der bursdagsbarnet høyrer til. Søsken som høyrer til på andre avdelingar får vera med på feiringa.

-          Flagg og plakat vert hengt opp på ytterdøra

-          Bursdagsbarnet får sitja i ”Den gode stol” og vera midtpunkt. ”Den gode stol” er ein stol som vert pynta med eit flott velourtrekk med ei fin bursdagskrune som er sydd på. Barnet er midtpunkt og dei andre borna seier positive ting om bursdagsbarnet.

-          Kvar avdeling feirar på sin måte.

 

Kafé:

-          Me har kafé for foreldra i november.

 

Advent:

-          Avdelingane trekkjer kalender, tenner lys, syng julesongar og lagar julepynt.

-          Adventskalenderen lagar me sjølv: store pepperkakehjerter som borna pyntar sjølv, og som me pakkar inn i cellofan/plast og heng opp. Borna får sitt pepperkakehjerte med heim den dagen det er deira tur til å trekkja kalender.

-          Bakar ulike sortar julekjeks og lagar pepperkakehus som me leverer til ”Pepperkakebyen” på Leirvik.

-          Dei eldste deltek på julevandring i kyrkja.

-          Norske juletradisjonar og ”Jule-evangeliet” vert formidla på ein enkel og lett forståeleg måte.

 

Lucia:

-          ”Lucia- dagen” vert feira i barnehagen, med dei borna som har plass i Naustvågen barnehage denne dagen.

-          Avdelingane lagar ”Lussekattar” og syng Lucia- songen.

-          Borna på Kråkebollo går i Lucia-tog i barnehagen.

-          Me bruker batteridrivne lys i Lucia-toget og borna på Kråkebollo pyntar seg med kvite skjorter og glitterband.

-          Er 13. desember på ein laurdag eller ein sundag, markerer me ikkje Lucia i barnehagen.

 

Bergenstur for dei som går på Kråkebollo:

-          I desember tek me med alle som går på Kråkebollo på tur til Bergen.

-          Me reiser med Kystbussen frå Leirvik tidleg på morgonen og er tilbake om kvelden.

-          Me besøkjer ”Pepperkakebyen” på Galleriet, akvariet og McDonald’s.


Nissefest:

-          Dette er ein fest for alle borna i Naustvågen barnehage.

-          Alle har på seg ”nisseklede” og både små og store er nissar.

-          Me har fellessamling og et ”nissegraut”.

-          Me går rundt juletreet og syng julesongar, og får besøk av den ”ekte” julenissen.

 

Karneval:

-          Alle borna i Naustvågen barnehage får vera med på karnevalsfeiringa.

-          Me lagar rytmeinstrument og øver på typiske ”karnevalsongar”.

-          Me pyntar barnehagen med ballongar.

-          Borna kjem utkledd om morgonen og blir evt. måla i ansiktet i barnehagen.

-          På festen syng me songane me har øvd på, dansar og har ”Katta i sekken” der borna på Kråkebollo får slå.

-          Me har ”karnevalsdans”.

-          Små og store kosar seg med god mat, drikke og godteri.

 

Fastelaven:

-          Dei vaksne plukkar bjørkeris og borna pyntar det.

-          Me lagar fastelavensboller.

 

Påske:

-          Avdelingane syng påske- og vårsongar.

-          Me lagar påskepynt.

-          Me fortel påskebodskapen og dei eldste deltek på påskevandring i kyrkja.

-          Formidlar norske påsketradisjonar.

-          Me har påskefrukost for besteforeldre og denne dagen vert alle borna invitert sjølv om dei har fri.

 

17. mai:

-          Alle øver på nasjonalsongen. Dei som går på Sjøstjerno og Kråkebollo får enkel læring om grunnlovsdagen.

-          Heile barnehagen går i tog dagen før 17.mai.

-          Me et pølse i brød til lunsj og is etterpå.

 

Sommarfest:

-          Som avslutning på barnehageåret har me sommarfest for alle borna m/familie.

-          Grilling av medbrakt mat.

-          Utdeling av permar til dei eldste borna. Permane har personalet laga.

-          Naustvågen-koret syng.

-          Overnatting for dei som går på Kråkebollo.

 

Barnehagedagen:

-          Me stiller opp og er med på å markera dagen lokalt.

 

Ved markering/feiring av tradisjonar vert det på kvar avdeling teke omsyn til alder og modning.


 




 

Siden er utviklet av: Stord Web Service Design: Per Trygve Pettersen