|
Krabben
KRABBEN
I Naustvågen barnehage har me eigen småbarnsavdeling og den heiter ”Krabben”. Her er det 15 born som har alt frå 60% -100% plass . Tilsaman er me 2 pedagogar og 4 assistentar som jobbar på krabben. Det er 4 vaksne er på jobb kvar dag.
Me gjer mykje kjekt og har mange spennande aktivitetar på avdelingen. Både små og store trivst og har det kjekt i lag.
Det er viktig for oss å ha gode rutinar som gir ein trygg og god kvardag for dei yngste, og me tar vare på dei ”små” gledene….
Dei minste barna er veldig flinke og lærevillige!
|
|
|