Start sida

NAUSTVÅGEN BARNEHAGE



Barnehagen vår vart starta 01.08.2000, og den ligg like ved Kværner Stord, ved sjø/havn i området kalla Naustvågen.
Difor var det naturleg at ”Naustvågen” vart navnet på barnehagen vår.

Me har tre avdelingar, 47 barn tilsaman i systemet, og me er 13 vaksne som tar oss godt av barna!

Uteområdet er i stort og spennande for alle, og det er alltid mykje å finna på både for store og små.

Me har og vår eigen "rubbhall" som me kallar Skattebu!!!! Den ligg ca. 50 meter utanfor området vårt, og er ein flott stad å vera.

Nede i stranda i Naustvågen har me eigen båt som me nyttar når me skal fiska, setja teiner eller berre øva oss i å ro. Båten vår kalla me "Reko".

Me er kreative vaksne, og det er alltid noko me har lyst å forandra, så me prøver gjerne ut nye idèar –både inne og ute-

Bilete og info om prosjket/tema finn de oppe til høgre, under den einskilte avdeling.



 

 

 
Hei. Dersom barnet ditt skal ha fri i vinterferien er me gla for om de gjev oss ei melding om det. Minnar om at det er karneval 06.03.


Barnehageruta 2011/2012
Avslutning prosjektet "Familien"

Siden er utviklet av: Stord Web Service Design: Per Trygve Pettersen